Hopp til innhold
X
Innhald

Kvanteteorien

Kvanteteorien dannar grunnlaget for vår forståing av den atomære verda. Kvanteorien blei utvikla over ein periode på omlag 30 år frå starten av 1900-talet. Det første bidraget kom frå Max Planck, som brukte kvanteteorien til å forklare energiutstrålinga til ein svart lekam. Planck gikk ut frå at denne energien berre kunne sendast ut som «energipakkar», foton, der energien (E) er bestemt frå uttrykket E=hf, der h er Plancks konstant og f er strålinga sin frekvens.
Einstein brukte kvanteteorien til å forklare fotoelektrisk effekt, medan Niels Bohr i 1913 brukte kvanteteorien til å forklare energiutstrålinga frå atoma. Kvanteteorien blei vidare utvikla av de Broglie (materiebølgjer), Schrödinger, Heisenberg (usikkerheitsrelasjon) med fleire, og han har fått si matematiske utforming i kvantemekanikken. Paul Dirac formulerte ein teori som kombinerte kvantemekanikken med relativitetsteorien, og gjennom dette føresåg han blant anna eksistensen av antipartiklar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011