Hopp til innhold
X
Innhald

Legering

Legering er ei fast oppløysning danna ved samansmelting av to eller fleire metall. Ei legering har andre eigenskapar enn råmetalla, til dømes er ho ofte hardare og har lågare smeltetemperatur.
 
Metalla kan smeltast saman i eit vilkårleg vektforhold, men i eit bestemt forhold er smeltetemperaturen lågast. Ei slik legering blir kalla evtektisk. Ved tilpassa vektforhold mellom ulike råmetall kan eigenskapane til forskjellige legeringar tilpassast dei ulike bruksområda.

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011