Hopp til innhold
X
Innhald

Leiar

Leiar er i fysikken stoff som lett kan føre elektrisk straum eller varme. Metall er gode leiarar for både varme og elektrisitet. Vatn der det kan dannast ion, er ein god leiar for elektrisk straum. Gassar leier under normale forhold ikkje straum, men oppvarma gass kan leie straum fordi han blir ionisert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011