Hopp til innhold
X
Innhald

Lenz’ lov

Lenz’ lov er i elektrisitetslæra ei lov for indusert straum i ei vikling. Ho seier at den induserte straumen har ei slik retning at dei kreftene som oppstår, verkar mot rørsla som induserer straumen. Lenz’ lov kan tolkast som ein motstand mot forandring.
 
Lenz’ lov blei formulert i 1834 av den estiske fysikaren H.F.E. Lenz (1804–65).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011