Hopp til innhold
X
Innhald

Linjespektrum

Linjespektrum består av skarpt skilde, smale fargelinjer som svarer til bestemte bølgjelengder i lyset frå atom, molekyl eller ion i gassform. Linjespektret kjem fram når ei smal stripe av lyset passerer eit glasprisme eller eit optisk gitter.
 
Kvart stoff har sitt karakteristiske linjespektrum, og dette gjer det mogleg å identifisere forskjellige stoff, til dømes i ei gassblanding. Gjennom linjespektret for sollyset får ein opplysningar om kva for stoff som finst på sola. Ei slik undersøking blir kalla spektralanalyse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011