Hopp til innhold
X
Innhald

Linse

Linse er ein gjennomsiktig lekam som er avgrensa av to bøygde overflater (eller av éi bøygd og éi plan overflate). Dei bøygde flatene er som regel sfæriske, det vil seie at dei er del av ei kuleflate.
 
Alle linser som er tjukkast i sentrum, bryt parallelle strålar til eitt punkt, brennpunktet eller fokus. Slike linser blir derfor kalla samlelinser (konvekse eller positive linser). Avhengig av krumminga av dei to linseflatene snakkar vi om bikonvekse, konkavkonvekse og plankonvekse linser. Avstanden mellom sentrum og brennpunktet i linsa blir kalla brennvidda. Samlelinser blir brukte til å avbilde gjenstandar (det gjeld auget, forstørringsglaset, kameraet, projektoren og så vidare).
 
Ei linse som er tynnast på midten, spreier parallelle strålar og blir kalla spreielinse (konkav eller negativ linse). Det finst bikonkave, konvekskonkave og plankonkave linser. Dei konkave linsene har også fokus. Det er det punktet der ein kan tenkje seg at dei strålane som linsa spreier, kjem frå. Konkave linser blir brukte blant anna i briller (når ein er nærsynt) og i kombinasjon med konvekse linser i kameraobjektiv, projektorar og andre optiske apparat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011