Hopp til innhold
X
Innhald

Lydstyrke

Lydstyrke. Vi skil mellom objektiv lyd (lydintensitet), som vi kan måle med apparat, og subjektiv lyd (høyrestyrke), som er den lyden øyret oppfattar.
 
Lydintensitet er definert som den energimengda som i 1 sekund passerer ei flate på 1 m² loddrett på lydretninga og blir målt i W/m². Ein lyd som er så intens at han gjer vondt i øyret, er ca. 10 billionar (1 med 13 nullar) gonger så sterk som ein lyd som så vidt kan høyrast. For å unngå så høge tal nyttar ein eininga desibel (dB, jf. bel), og intensiteten av den svakast høyrlege lyden blir sett lik 0 dB. Lyd som gjer vondt i øyret, har då lydstyrke på 130 dB. Kviskring på 1 meters avstand har lydstyrke på 30 dB, vanleg tale 60 dB.
 
 Eit normalt menneskeøyre er mest følsamt for lyd med frekvens 1000–4000 Hz. For lågare frekvensar, nedover i bassen, blir øyret gradvis mindre følsamt. Den subjektive lydstyrken blir fastsett ved lytteprøver, og han blir målt med eininga fon. Ein har då fastsett at for lyd med frekvens 1000 Hz er fonskalaen og desibelskalaen identiske. Ved alle andre frekvensar (tonehøgder) er skalaene ulike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011