Hopp til innhold
X
Innhald

Magnet

Magnet er ein lekam som har evna til å trekkje til seg visse metall, som jern, nikkel og kobolt. Lekamen har fått namn etter oldtidsbyen Magnesia i Lilleasia, der det blei funne magnetisk jernmalm.
 
Magnetisme er eit fenomen som følgjer med elektriske straumar, det vil seie elektriske ladningar i rørsle. Elektrona i eit atom beveger seg rundt atomkjernen og roterer dessutan om sin eigen akse. Dermed skaper dei magnetfelt omkring seg. I dei fleste stoff opphevar desse felta kvarandre, men i andre stoff har elektrona slike banar at magnetfelta føyer seg saman. Dermed blir sjølve atomet ein ørliten magnet. Så lenge desse magnetane er vilkårleg ordna, er stoffet umagnetisk. Men viss stoffet blir plassert i eit magnetfelt, innstiller atoma seg etter dette og blir magnetiserte.
 
Ein magnet har alltid to polar, kalla nordpol og sørpol. Ulike polar blir trekte til kvarandre, like poler blir støytte frå kvarandre. Eit magnetfelt kan tenkjast å bestå av kraftlinjer som går frå pol til pol. Ei fritt opphengd magnetnål vil alltid innstille seg i retninga til kraftlinjene (jamfør kompass).
 
Visse stoff gjer motstand mot å bli trengde igjennom av magnetiske kraftlinjer. Slike stoff blir kalla diamagnetiske (til dømes glas og vatn). Andre stoff slepp kraftlinjene gjennom, det vil seie at dei lèt seg svakt magnetisere. Dei blir kalla paramagnetiske (til dømes aluminium og oksygen).
 
Ved vanleg temperatur lèt fem grunnstoff (jern, nikkel, kobolt, gadolinium og terbium) seg sterkt magnetisere. Dei blir kalla ferromagnetiske. Blautt jern lèt seg lett magnetisere, men det mistar magnetismen når det ytre feltet sluttar. Det blir nytta i elektromagnetar, der det ytre feltet blir skapt av ein elektrisk straum gjennom ei vikling. Hardt stål og andre stoff beheld sin magnetisme. Dei blir nytta i permanente magnetar, til dømes lydband og informasjonslager i datamaskinar.
 
For å skape sterke magnetfelt bruker ein supraleiande magnetar som blir laga av spolar av spesielle forbindelsar, til dømes niob-sink, og som blir haldne avkjølte med flytande helium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011