Hopp til innhold
X
Innhald

Maser

Maser er forkorting for Microwave Amplification by Stimulated Emission of Radiation. Det er eit apparat til framstilling av koherent elektromagnetisk stråling i mikrobølgjeområdet, det vil seie bølgjelengder mellom infraraudt og dei kortaste radiobølgjene.
 
Maser har liten eigen støy, og blir brukt blant anna som inngangsforsterkarar for særleg følsame radarmottakarar og radioastronomiske instrument og i mikrobølgjespektroskopi.
 
Ein maser blei første gongen konstruert av C. H. Townes i 1954. Jf. laser.

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011