Hopp til innhold
X
Innhald

Mikroskop

Mikroskop er eit instrument som gir forstørra, virtuelle bilete av små gjenstandar. Det finst to hovudtalar av mikroskop: lysmikroskop og elektronmikroskop.
 
Eit lysmikroskop består av to linsekombinasjonar i kvar sin ende av eit røyr (tubus), slik at objektivet er nærmast gjenstanden (objektet) og okularet er nærmast auget. Gjenstanden blir behandla på ein føremålstenleg måte til eit mikroskopisk preparat, som vanlegvis blir plassert mellom eit objektglas og eit mykje tynnare dekkglas før det blir lagt på objektbordet. Under objektbordet finn ein belysningsapparaturen (spegel, blendar og eit linsesystem, kondensoren). Alt etter kva ein vil undersøkje er det utarbeidd forskjellige typar av mikroskopisk teknikk og konstruert spesielle mikroskoptypar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011