Hopp til innhold
X
Innhald

Misvising

Misvising, eller magnetisk deklinasjon, er vinkelen mellom kompassnåla si retning og den geografiske nord–sør-retninga.
 
Jorda sin magnetiske nordpol ligg på ca. 82°–83° nord, ved Ellef Ringnes’ øy i Canada. Han flyttar seg for tida mot nordvest ca. 40 km i året.
 
 Sørpolen ligg på ca. 66° sør på Adélie-kysten av Antarktis, sør for Australia. Han flyttar seg 13 km per år mot sørvest. På grunn av at polane beveger seg, varierer misvisinga over tid.
 
 I dag blir misvisinga endra i Noreg med 0,8° per år, og ho varierer no frå 2° vestleg på vestlandskysten til 13° austleg i Vardø. Sona med misvising 0° følgjer omtrent lengeraden 9° aust, det vil seie linja Arendal–Rjukan–Gol–Dombås–Hitra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011