Hopp til innhold
X
Innhald

Pardanning

Pardanning i atomfysikken er danninga av ein atomær partikkel med ein antipartikkel av energirik gammastråling. Danninga av elektron-positron-par blei første gong påvist eksperimentelt av C.D. Anderson i 1933.
 
Den omvendte prosessen, at ein partikkel med ein antipartikkel kjem tilstrekkeleg nær kvarandre og blir utsletta, slik at det oppstår gammastråling, blir kalla annihilering.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011