Hopp til innhold
X
Innhald

Permeabilitet

Permeabilitet er i fysikken uttrykk for den evna eit stoff har til å la seg trengje igjennom av eit magnetisk felt. Permeabilitet blir definert som forholdet mellom magnetisk flukstettleik og magnetisk feltstyrke. For tomt rom er dette forholdet 4π×10¯⁷ H/m.
 
I oljegeologien nyttar ein uttrykket om eigenskapane bergartar har i forhold til gjennomstrøyming av olje eller gass. Bergartar som har liten motstand ved gjennomstrøyming, har stor permeabilitet.
 
Permeabilitet blir målt i darcy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011