Hopp til innhold
X
Innhald

Projektor

Projektor (frå latin projicere, kaste fram) er eit optisk apparat som viser bilete eller film forstørra på ein skjerm eller ein duk.
 
Bileta blir sterkt belyste med ei lampe og projiserte ved hjelp av eit projeksjonsobjektiv. Ved diaskopet, vanlegvis kalla diasprojektor, blir det brukt gjennomskinlege bilete, dias, som blir belyste frå baksida. Ein spesiell type diaskop er overheadprojektoren, som blir brukt til framsyning av såkalla stordias med biletflate på opptil 25 × 25 cm. Overheadprojektor blir ofte brukt i samband med foredrag og så vidare.
 
Leseapparatet for mikrofilm er også eit diaskop, medan reprokameraet, som blir nytta i grafisk industri, projiserer ugjennomskinlege bilete. Med episkopet eller balloptikonet kan ein projisere ugjennomsiktige bilete ved at dei blir belyste på skrå framanfrå slik at lyset blir reflektert via ein spegel til objektivet. Ein filmprojektor blir også brukt med gjennomskinlege bilete. Ein biletserie blir vist i rask rekkefølgje (18–24 bilete i sekundet) og gir då ein illusjon av rørsle.
 
Optisk sett er filmprojektoren konstruert på same måte som diaskopet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011