Hopp til innhold
X
Innhald

Resonans

Resonans [-nangs], frå latin resonare, gi gjenlyd, klinge, ljome, er medsvinging.
 
I fysikken oppstår resonans når eit elektrisk eller mekanisk svingesystem blir påverka av krefter som verkar i takt med systemet sin eigenfrekvens.
 
Resonans blir brukt i radioteknikk til avstemming av ein mottakarkrets på ei innkomande bølgje. Resonansbotnen på strengeinstrument blir sett i svingingar av strengen og har mykje større utstrålingseffekt enn strengen har åleine.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011