Hopp til innhold
X
Innhald

Skugge

Skugge er det mørke feltet i rommet bak ein gjenstand som blir belyst frå berre ei side. Den skuggen som gjenstanden kastar på ein skjerm eller ein annan lekam, blir kalla slagskuggen. Viss lyskjelda har utstrekning, blir det eit mørkt rom like bak gjenstanden, kjerneskuggen, som ikkje får noko lys. Mellom dette rommet og det som har fullt lys, er det halvskugge

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011