Hopp til innhold
X
Innhald

Snells lov

Snells lov, eller brytingslova, gjeld for lys ved overgangen mellom to stoff, og blir uttrykt ved n₁sinφ₁=n₂sinφ₂, der n₁ og n₂ blir kalla brytningsindeks for stoffa, φ₁ er innfallsvinkelen og φ₂ er brytingsvinkelen. Normalen på grenseflata der lyset treffer, blir kalla innfallsloddet.
Snells lov blei oppdaga i 1621 av Willebrord van Rojen Snell(ius).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011