Hopp til innhold
X
Innhald

Stefan-Boltzmanns lov

Stefan-Boltzmanns lov er i fysikken ei lov som slår fast at den elektromagnetiske strålinga, varmestrålinga, frå ein lekam er proporsjonal med fjerde potens av den absolutte temperaturen til lekamen.
 
Stefan-Boltzmanns lov blei eksperimentelt påvist av den austerrikske fysikaren Josef Stefan (1835–93) i 1878 og utleidd teoretisk av Ludwig Boltzmann (1844–1906) i 1884.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011