Hopp til innhold
X
Innhald

Straumlinjer

Straumlinjer viser på alle stader strøymingsretninga for væske eller gass. Ved liten fart er strøyminga laminær, det vil seie at ho går føre seg utan virvlar. Viss straumlinjene lett følgjer overflata til ein lekam, blir strøyminga kalla straumlinjeforma. Ved større fart og når overflata til lekamen er ujamn, dannar det seg virvlar, da seier vi at strøyminga er turbulent. Friksjonen blir større fordi virvlane krev energi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011