Hopp til innhold
X
Innhald

Tårnteleskop

Tårnteleskop er eit instrument for observasjonar av sola. Ein cølostat i toppen av eit tårn reflekterer sollys ned på eit linse- og spegelsystem med stor brennvidd, som dannar bilete av sola på ein skjerm eller ein fotografisk film. Her kan sollyset også analyserast med spektrograf. På solobservatoriet på Harestua er det eit tårnteleskop

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011