Hopp til innhold
X
Innhald

Termoelement

Termoelement er ei seriekopling av leidningstrådar av to forskjellige metall, til dømes jern og kopar sveist eller lodda sama i endane til ein straumkrets.
 
Ved forskjellig temperatur på loddstadene vil det gå ein straum i kretsen. Straumen aukar med temperaturforskjellen, og termoelement kan derfor brukast til temperaturmålingar, opp til 1600 °C.
 
Vanleg brukte material er kopar/konstantan, platina/platina-rhodium og wolfram/wolfram-molybden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011