Hopp til innhold
X
Innhald

Virtuell

Virtuell (fransk) tyder evne eller kraft som er sannsynleg og mogleg, men ikkje reelt eksisterande. Eit virtuelt bilete blir konstruert i optikken ved ei tenkt forlenging av lysstrålane bakover etter at dei er brotne eller reflekterte.
 
I motsetnad til eit reelt bilete kan eit virtuelt bilete ikkje fanga opp på ein skjerm, men det vi ser i kikkert, mikroskop, luper, speglar og briller, er virtuelle bilete.


Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011