Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrisitet

Elektrisitet (frå gresk elektron, rav). Omgrepet blei innført av Elizabeth I. sin livlege William Gilbert (1544–1603) i år 1600. Han brukte nemninga electra (ravkraft) om den krafta som ein sidan oldtida har visst oppstod når rav blei gnidd.
 
På 1700-talet blei det klart at det finst to slag elektrisitet, glaselektrisitet (positiv) og lakkelektrisitet (negativ), som oppstår når ein gnir høvesvis glas og lakk. Ein blei også klar over at lik elektrisitet støyter frå kvarandre, ulik tiltrekkjer kvarandre.
 
Inntil slutten av 1700-talet kjende ein berre éin elektrisitet i ro (statisk elektrisitet). Då forstod Galvani at elektrisitet kunne bevege seg, og Volta offentleggjorde i 1800 si berømte straumkjelde, voltasøyla. I 1820 fann Ørsted at ein elektrisk straum skapte eit magnetisk felt omkring seg, og i 1831 oppdaga Faraday at eit magnetfelt kunne skape elektrisk straum i ein leiar. Etter det gjekk utviklinga i eit stadig aukande tempo.
 
Ein slags elektrisk motor blei bygd alt i 1830-åra, ein elektrisk lysboge blei for første gong brukt til belysning i 1846, og i 1867 utvikla Siemens ein generator som opna vegen til billig produksjon av elektrisitet.
 
Frå byrjinga av 1900-talet fekk elektrisiteten stadig større utbreiing, og bruksområda auka. Han fekk mekanisk bruksområde i elektromotorar og -magnetar; kjemisk bruksområde i elektrolyse og elektrometallurgi; termisk bruksområde i varme-, smelte- og induksjonsomnar; sambandsteknisk bruksområde i telefon, telegraf, radio, fjernsyn, radar; elektromedisinsk bruksområde i registreringa av verksemda i hjarte, hjerne, musklar og anna; automatteknisk bruksområde i sikringsteneste for tog, fly og så vidare og elektronisk bruksområde i alle former for databehandling.
 
Det teoretiske grunnlaget for elektrisitet er no knytt til atomteorien.
I eit atom finst positivt ladde partiklar (proton) og negativt ladde partiklar (elektron). Ein elektrisk straum er i dei fleste tilfelle elektron i rørsle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011