Hopp til innhold

Elektromagnetisk stråling

Elektromagnetisk stråling er overføring av energi i form av elektromagnetiske bølgjer, som skuldast varierande elektriske og magnetiske felt som saman breier seg ut i rommet. Farten for utbreiinga i tomt rom er 300 000 km/s.

Elektromagnetisk stråling blir framkalla av at ladde partiklar blir akselererte. Teorien for elektromagnetisk stråling blei først utvikla av den skotske fysikaren J.C. Maxwell, som i 1878 sette opp matematiske likningar som viste dei samanhengane mellom elektriske og magnetiske felt som var kjende på den tida.

Elektromagnetisk stråling spenner over eit stort område av bølgjelengder og frekvensar. Lengst bølgjelengd (lågast frekvens) har radiobølgjer, deretter følgjer, med minkande bølgjelengd, mikrobølgjer, infraraudt lys, synleg lys, ultrafiolett stråling, røntgenstråling og gammastråling.

Moglege kjelder til elektromagnetisk stråling er direkte knytte til bølgjelengd. Lange radiobølgjer blir skapte på grunn av elektriske svingingar i store antenner, synleg lys skuldast rørsla til elektriske ladningar i atomet, medan gammastråling kjem av endringar i strukturen til atomkjernen. Energien til den elektromagnetiske strålinga er diskretisert i «energipakkar» som blir kalla foton.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 22.10.2015