Hopp til innhold
X
Innhald

Fosforar

Fosforar, lysstoff, er stoff som fluorescerer eller fosforescerer, det vil seie at dei sender ut karakteristisk lysstråling når dei blir bestrålte med elektron, røntgenstrålar, ultrafiolett eller synleg lys, eller når dei blir plasserte i elektriske felt.
 
Forforar blir brukte i lysstoffrøyr, fjernsynsrøyr og andre elektroniske biletrøyr, som tilsetjingar i måling og trykkfargar og i tekstilar og plast for å gi «sjølvlysande» effektar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011