Hopp til innhold
X
Innhald

Fosforescens

Fosforescens [-sens] er det fenomenet at eit stoff som er blitt belyst, held fram med å lyse av seg sjølv etter at belysninga er avslutta, jf. fluorescens. Elektrona i stoffet blir løfta frå ein lågare til ein høgare energitilstand (eksitert), og dei fell deretter tilbake under utsending av lys. Dette er ein prosess som ofte skjer trinnvis og som er avhengig av temperatur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011