Hopp til innhold
X
Innhald

Fotocelle

Fotocelle blir brukt til å registrere synleg lys og ultrafiolett og infraraud stråling. Ho blir også brukt til å gjere om variasjonar i lysstyrke til elektrisk straum.
 
Fotoceller blir brukte i lydfilm, fjernsynskamera, bilettelegrafi, sikringsanlegg, solbatteri, lysmålarar i fotografiapparat, automatisk inn- og utkopling av gatelys, opning av dører og så vidare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011