Hopp til innhold
X
Innhald

Fotoelektrisk effekt

Fotoelektrisk effekt, fotoeffekt, vil seie at elektron blir rivne laus frå ei metalloverflate ved bestråling. Einstein forklarte den fotoelektriske effekten ved å gå ut frå at lys består av lyskvant, foton (s.d.).
 
Berre foton med tilstrekkeleg høg energi kan frigjere elektron. Ein del av fotonenergien går då med til å frigjere eit elektron i metallet (denne energien blir kalla lausrivingsarbeidet, og han varierer frå metall til metall), resten av fotonenergien gir elektronet kinetisk energi. Den fotoelektriske effekten viser at lys ikkje berre har bølgjenatur, men også partikkelnatur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011