Hopp til innhold
X
Innhald

Gammastråling

Gammastråling er elektromagnetisk stråling med kortare bølgjelengd enn røntgenstråling (10¯¹² m og mindre), svært høg frekvens (frå 3 × 10²⁰ Hz og oppover) og veldig høg energi (over 1 MeV).
 
Gammastråling er den mest gjennomtrengjande strålinga frå radioaktive stoff. Ho oppstår ved endringar i strukturen i atomkjernen, ved desintegrasjon eller ved annihilasjon av elementærpartiklar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011