Hopp til innhold
X
Innhald

Halleffekten

Halleffekten er utviklinga av eit tversgåande elektrisk felt i eit fast stoff når det fører ein elektrisk straum og blir plassert i eit magnetfelt som er loddrett på denne straumen.
 
Halleffekten blei oppdaga i 1879 av den amerikanske fysikaren Edwin Herbert Hall. Det elektriske feltet er eit resultat av den krafta som magnetfeltet øver på dei positive eller negative partiklane i den elektriske straumen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011