Hopp til innhold
X
Innhald

Laser

Laser er eit akronym for light amplification by stimulated emission or radiation. Laser er utstråling av lys med same frekvens og fase og nemning på det apparatet som skaper slik utstråling.
 
Laserlyset blir kjenneteikna ved stor intensitet og skarp avgrensing. Lasereffekten blir skapt ved at mange like atom går frå eitt energinivå til eit lågare, medan dei sender ut eit lyskvant (foton). Endringa i energinivået kan stimulerast ved eit elektrisk felt eller ved kortvarig belysning med kortbølgja lys. Dei fotona som blir utløyste, kan stimulere andre atom til også å sende ut foton, slik at det blir eit vedvarande og intenst lys.
 
Laser kan brukast til å skjere i metall eller levande vev, til kommunikasjon over lange avstandar og framstilling av hologram eller avlesing av optiske plater, til dømes CD-plater, CDTV og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011