Hopp til innhold
X
Innhald

Luminescens

Luminescens [-sens] er i fysikken all slags lysstråling som ikkje skuldast høg temperatur. Atoma eller molekyla i eit stoff blir ved ytre påverknad eksiterte til bestemte energinivå og vil sende ut lys når dei går tilbake til sin opphavlege tilstand.
 
Termoluminescens kjem av svak oppvarming.
 
Kjemoluminescens skuldast kjemiske prosessar (til dømes oksidasjon av fosfor; hit høyrer også bioluminescens, det vil seie lyset frå sopp, moreld, sankthansormar og andre levande organismar). Lyset frå elektriske utladningar i gassar blei før ofte kalla elektroluminescens.
 
Triboluminescens er lys som oppstår ved knusing av visse stoff (sukker).
 
Luminescens som oppstår ved bestråling, fotoluminescens, kan vere fluorescens og fosforescens.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011