Hopp til innhold

Lys

Lys er ei form for elektromagnetisk stråling. Lys blir brukt som nemning på elektromagnetisk stråling som kan oppfattast av auget, men lys blir òg brukt om heile det elektromagnetiske spektrum.

Synleg lys utgjer berre ein liten del av elektromagnetisk spektrum. Auget kan oppfatte elektromagnetisk stråling med bølgjelengder frå ca. 400 nm (fiolett lys) til ca. 700 nm (raudt lys).

Læra om lys blir kalla optikk.

Vi bruker desse SI-einingane for måling av lys: Grunneininga for lysstyrke er candela (cd), avleidde einingar er luminans (cd/m²), lysstraum, lumen (lm), illuminans (belysningsstyrke) og lux (lx).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 22.10.2015