Hopp til innhold
X
Innhald

Lysfarten

Lysfarten er konstant og den same i alle retningar i verdsrommet. I vakuum er han 299 792 458 m/s, det vil seie omtrent 300 000 km/s.
 
Ifølgje relativitetsteorien er lysfarten grensa for den farten partiklar eller energi kan ha. I stoff er lysfarten mindre; i vatn er han 225 000 km/s, i glas 200 000 km/s og i diamant 125 000 km/s.
 
Lysfarten blei første gongen bestemt av Ole Rømer i 1676 ved hjelp av tidspunkta for jupitermånane sine formørkingar bak Jupiter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011