Hopp til innhold
X
Innhald

Lysrøyr

Lysrøyr, lysstoffrøyr, er ei lyskjelde som består av eit glasrøyr som er forsynt med eit lysstoff i pulverform og to elektrodar av wolfram.
 
Lufta i lysrøyr er til dømes ei blanding av argon- og kvikksølvdamp. Blandinga blir ionisert av dei elektrona som elektrodane gir frå seg ved oppvarming, og ho får kvikksølvatoma til å sende ut ultrafiolett stråling som får laget av lysstoff til å fluorescere med synleg lys. Lysrøyr har lang levetid og stort lysutbytte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011