Hopp til innhold
X
Innhald

Magnetisk flukstettleik

Magnetisk flukstettleik. Rundt ein magnet er det eit magnetisk felt, det vil seie at det verkar krefter på andre magnetar som kjem inn i dette området.
 
Magnetfeltet kan beskrivast med tenkte feltlinjer eller flukslinjer. I eit sterkt felt ligg flukslinjene tett. Styrken av feltet blir angitt med den magnetiske flukstettleiken. Måleininga for magnetisk flukstettleik er tesla, T, som i SI-systemet er lik Wb/m² (weber per m²).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011