Hopp til innhold
X
Innhald

Massespektrograf

Massespektrograf blir brukt til å bestemme massen til atom og molekyl i ei stoffprøve. Massen blir bestemt ved å studere rørsla til ladde partiklar (ion) i elektriske og magnetiske felt.
 
Den første massespektrografen blei konstruert av F.W. Aston i 1919 og blei brukt til å finne isotopar av ei rekkje grunnstoff. I dag blir apparatet mest brukt til kjemiske analysar og påvising av forureiningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011