Hopp til innhold
X
Innhald

Polarisasjonsfilter

Polarisasjonsfilter lagar polarisert lys av det lyset som går gjennom filteret, eller slepp berre gjennom polarisert lys i eit bestemt plan.
 
Visse krystallinske mineral, som oftast kalkspat, kvarts og turmalin, blir brukte som polarisasjonsfilter. Det blir også framstilt plastfoliar som har innsmelta, einsretta mikrokrystall som polariserer lyset. Slike hinner blir også lagde på glas eller mellom glas og blir i stor utstrekning brukte i fotografiapparat og så vidare for å stanse reflektert lys.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011