Hopp til innhold
X
Innhald

Røntgenstråling

Røntgenstråling er elektromagnetisk stråling med kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling og lengre enn gammastråling, det vil seie ca. mellom 10 nanometer og 10 picometer.
 
Fenomenet blei oppdaga av W. von Röntgen i 1895.
 
Røntgenstrålinga er energirik og kan trengje gjennom lekamar som er ugjennomtrengjelege for lys.
 
Røntgenstrålingar med dei kortaste bølgjelengdene blir kalla harde, fordi dei har stor evne til å trengje gjennom faste lekamar, til dømes fleire cm jern; og dei blir derfor nytta materialundersøkingar.
 
Røntgenstrålingar med lengre bølgjelengder blir kalla blaute. Forskjellige artar av vev i menneskelekamen absorberer røntgenstråling i ulik grad, og som følgje av det blir det danna eit skyggebilete. Indre holrom kan gjerast synlege på røntgenbiletet ved hjelp av kontrastmiddel.
 
Røntgenstrålinga blei oppdaga fordi ho sverta fotografiplater, og dermed blei røntgenfotografering mogleg. Røntgenstråling får visse stoff til å fluorescere, slik at røntgenbilete kan studerast på ein røntgenskjerm. I medisinen blir røntgenstråling brukt både til undersøkingar (røntgendiagnostikk) og behandling (røntgenterapi), særleg av vondarta svulstar, då røntgenstråling har ein øydeleggjande verknad på cellevevet. Røntgenstråling blir også brukt til undersøkingar av atoma og molekyla si oppbygging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011