Hopp til innhold
X
Innhald

Sjølvinduksjon

Sjølvinduksjon. Når ein likestraum går i ein leiar, oppstår det eit magnetfelt rundt leiaren. Viss straumen aukar eller minkar, fører det også til forandringar i magnetfeltet. Variasjonane i magnetfeltet induserer ei spenning i leiaren, og ho har ei retning som motverkar forandringane i straumen.
 
Sjølvinduksjon er særleg merkbar i tettvikla spolar og aukar kraftig med ein jernkjerne i spolen. Sjølvinduksjon verkar som motstand mot vekselstraum, induktiv motstand. Sjølvinduktans karakteriserer sjølvinduksjonen i ein straumkrets. Han blir målt i henry, H, som er definert ved volt × sekund/ampere, 1 H = 1 Vs/A.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011