Hopp til innhold
X
Innhald

Stråling

Stråling er i fysikken overføring av energi i form av bølgjer som forplantar seg gjennom rommet, eller gjennom eit medium. Stråling inkluderer elektromagnetisk stråling (s.d.), akustisk stråling (lydbølgjer) og partikkelstråling. Eksempel på partikkelstråling er den radioaktive alfa- og betastrålinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011