Hopp til innhold
X
Innhald

Ultrafiolette strålar

Ultrafiolette strålar, eller UV-strålar, er elektromagnetiske bølgjer med bølgjelengder frå 10–400 nm; frekvensområde 3×10¹⁶—7,5×10¹⁴ Hz.
 
Dei blir stansa av vanleg glas, men trengjer gjennom kvartsglas, plast og vatn. Briller med glas vernar mot UV-stråling frå sola, briller med plast gjer det ikkje.
 
Ultrafiolette strålar er viktige for plantelivet fordi dei aukar fotosyntesen. Dei har sterk fysiologisk verknad, dreper bakteriar, desinfiserer vatn og luft, hemmar veksten av celler og mikroorganismar, utløyser mutasjonar, framkallar pigmentering i huda og anna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011