Hopp til innhold
X
Innhald

Varmestråling

Varmestråling, elektromagnetiske bølgjer, førekjem spesielt i det infraraude området av bølgjelengdene. Denne delen av den elektromagnetiske strålinga gir ei varmekjensle i huda. Når varmestråling skuldast termisk rørsle av molekyla i eit stoff, blir ho kalla temperaturstråling. Ho er karakterisert ved at både intensitet og frekvensområde aukar med temperaturen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011