Hopp til innhold
X
Innhald

Aage Niels Bohr

Aage Niels Bohr, 1922–2009, var son av Niels Bohr. Aage Niels Bohr var dansk fysikar, og han var professor ved Niels Bohrs Institut i København. Han gav avgjerande bidrag til den teoretiske forståinga av atomkjernen si oppbygging, form og dynamikk.
 
Aage Niels Bohr fekk nobelprisen i fysikk i 1975 saman med Ben R. Mottelson og J. Rainwater. Han arbeidde samarbeidde med Ole Ulfbeck om ei grunnleggjande ny forståing av kvantefysikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.11.2011