Hopp til innhold
X
Innhald

Amadeo Avogadro

Amadeo Avogadro, 1776–1856, var italiensk fysikar. Avogadros lov seier at alle gassar i like store volum under same temperatur og trykk har like mange molekyl. Lova held ikkje ved store trykk. Avogadros tal er det talet molekyl som finst i eit mol av eit stoff, 6,022045×10²³.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011