Hopp til innhold
X
Innhald

Andrej Dmitrijevitsj Sakharov

Andrej Dmitrijevitsj Sakharov, 1921–1989, var russisk kjernefysikar. Han var ein av leiarane for utviklinga av den sovjetiske hydrogenbomba. Sakharov bidrog til å stoppe atombombeprøvene i atmosfæren. Han var ein av dei sentrale kritikarane av stillinga for menneskerettane i Sovjetunionen.
 
Sakharov blei tildelt Nobels fredspris i 1975, men han fekk ikkje hente prisen, som i staden blei motteken av kona han, Jelena Bonner. Sakharov var forvist til byen Gorkij frå 1980-1986. Han fekk igjen arbeide fritt under styret til Gorbatsjov frå 1987, og han blei ikkje-kommunistisk medlem av Folkekongressen i 1989. Sakharov skreiv fleire bøker. Memoarane hans kom ut i 1990.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 04.02.2015