Hopp til innhold
X
Innhald

Arkhimedes

Arkhimedes, ca. 287–212 f.Kr., var gresk fysikar og matematikar og eit av dei største genia i antikken. Arkhimdes budde i den greske kolonien Syrakus på Sicilia. Han fann formlane for overflata og volumet av kula og berekna ein svært nøyaktig verdi for π. Han beskreiv vektstongprinsippet og fann lova om lekamar si oppdrift i væsker.
 
Arkhimedes gjorde ei rekkje oppfinningar, blant anna taljen og vasskruen. Han konstruerte også krigsmaskinar, blant anna ein kastemaskin.
 
Arkhimedes blei drepen då romarane erobra Syrakus. Mange av skriftene hans er gått tapt, men ein heil del av dei er bevarte gjennom arabiske og latinske omsetjingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011