Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Lawrence Schawlow

Arthur Lawrence Schawlow, 1921–99, var amerikansk fysikar. Saman med N. Bloembergen fekk han i 1981 den eine halvdelen av nobelprisen i fysikk for viktige bidrag til utviklinga av laserspektroskopi. Schawlow deltok i utviklinga av den første  maseren som blei laga i 1953, og saman med Townes publiserte han i 1958 eit arbeid som viste prinsippa for laseren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011