Hopp til innhold
X
Innhald

Christiaan Huygens

Christiaan Huygens , 1629–95, var nederlandsk fysikar. Han fann lover for støytar mellom to lekamar, for pendelrørsla og for rørslene til lekamar i sirkelbanar. Huygens fann opp pendeluret i 1656 og forbetra optiske instrument. Han var den første som hevda at lyset er eit bølgjefenomen. Huygens laga den første matematiske framstillinga av sannsynsrekninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011