Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Simon Ohm

Georg Simon Ohm, 1787–1854, var tysk fysikar. Han er mest kjend for å ha oppdaga at straumstyrken gjennom ein leiar er proporsjonal med spenninga over han. Denne oppdaginga heiter Ohms lov. Ohm gjorde også viktige oppdagingar innanfor akustikk og krystalloptikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2011
Sist oppdatert: 12.12.2011